Framleis få kvinner i styreromma

Norske allmennakjseselskap (ASA) har hatt frist på seg til 1.juli 2005 med å oppnå 40 prosent kvinner i styreverva.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det viser det seg at berre 17 prosent av føretaka oppfyller kravet til eigarvalde representantar i styra, medan 45 prosent oppfyller kravet til tilsettevalde styrerepresentantar.

Reglane om 40 prosent kjønnsrepresentasjon er etter mønster av kravet i likestillingslova § 21. Då lova vart fremja i 2003, fekk føretaka to år på seg til å gjennomføre kjønnsfordeling i styra.

1.juli 2005 var det registrert 2.689 styreroller fordelt på 519 allmennaksjeselskap, skriv Statistisk sentralbyrå. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Personvernpolicy