Ein god klem gjev mindre stress

Artikkelen fortsetter under annonsen

Klemming er sunt, særleg for kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein god klem kan senke både blodtrykket og nivået av stresshormon i kroppen. Dermed minskar også risikoen for å utvikle hjarteproblem, skal ein tru forskarane ved University of North Carolina i USA.

39 par i alderen 20 til 49 år var med på klemmeforsøket. Forskarane tok blodprøver av forsøkspersonane før og etter klemming. Først kvilte dei i ti minutt, så fekk dei vere saman i ti minutt og avslutta med ein lang klem. Til slutt kvilte para ut i nye ti minutt.

Blodprøvene viste at både menn og kvinner hadde høgare nivå av hormonet oxytocin etter klemmen, særleg dei som var mest glade i kvarandre. Men i tillegg fekk kvinnene lågare nivå av stresshormonet kortisol i blodet. Det såg i tillegg ut til at nærkontakten hadde ført til lågare blodtrykk, skriv forskning.no. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk