Filmrøyking ut blant dei rike

Artikkelen fortsetter under annonsen

Røyking er for taparar, i det minste på film.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Medan det tidlegare var velståande sjarmørar som røykte på film, er den moderne filmrøykjaren oftast fattig og skurkaktig. Men ungdommar vert like fullt forførde til å ta seg eit drag.

- Dei er i ein alder der det er bra å vera på kant med samfunnet.

Det seier Karan Omidvari ved St Michael's Medical Center i Newark, USA til New Scientist. Ho og kollegane har studert dei fem leiande rollene i 447 amerikanske publikumssuksessar utgjeve mellom 1990 og 2000.

24 prosent av personane tende seg minst ein røyk i løpet av ein film. Talet er nær identisk med talet på røykjarar i USA.

Det var dei uavhengige filmskaparane, og ikkje Hollywood, som tende flest sigarettar. Nær helvta av dei med leiande roller i uavhengige filmar for vaksne dampa i veg.

I større produksjonar var talet til samanlikning mindre enn ein tredel.

36 prosent av skurkane var røykjarar, men berre 21 prosent av dei gode eller heltane. Vidare tende nær helvta av personane med låg sosioøkonomisk status seg ein røyk, medan berre ti prosent av dei rike gjorde det same.

Dette står i sterk kontrast til tidlegare studium av filmrøyking, der den typiske røykjaren har vist seg å vera ein velståande og attraktiv kvit mann. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk