- Fleire EU-motstandarar på tinget
Spørsmålet om norsk medlemskap i EU har tilnærma vore ei ikkje-sak hittil i valkampen. Leiar i Nei til EU, Heming Olaussen, trur heller ikkje EU-spørsmålet blir reist i neste stortingsperiode, men er likevel på vakt.
- Det er meir sannsynleg at EU-spørsmålet ikkje kjem opp, enn at det gjer det. Men vi kan ikkje leggje oss til ro dei neste fire åra, og tru at saka ikkje blir reist, då kan vi fort bli tatt på senga, seier Olaussen.
- Fleire motstandarar
Nei til EU har gjort ei spørjeundersøking blant 325 kandidatar som har størst sjanse for å få ein plass på tinget etter valet, ifølgje lokalkunnskapen til dei lokale Nei til EU-laga.
Av dei 325 aktuelle kandidatane har over 90 prosent av dei svart på eitt eller fleire av dei fem spørsmåla dei vart stilt.
- Det nye Stortinget ser ut til å få fleire EU-motstandarar enn det noverande, konkluderer Olaussen.
Organisasjonen såg også nærare på dei 169 kandidatane som, ifølgje ei meiningsmåling gjort av Gallup i august, mest truleg vil vere inne på Stortinget etter valet i haust. På spørsmål om Noreg bør bli medlem av EU svarar 66 av desse nei, 65 seier ja, 20 svarar veit ikkje og 18 har ikkje svart.
- Vår oppgåve blir å overtyde dei som svarar at dei ikkje veit. Om ti av tvilarane seier nei, har vi fleirtal mot, seier Olaussen, og påpeiker at då vil nei-sida ha auka oppslutning.
Han reknar med at det er i underkant av 70 nei-folk på Stortinget no.
Vil ikkje søkje
På spørsmål om Noreg bør sende EU-søknad neste stortingsperiode, svarar 75 kandidatar nei, 31 svarar ja, 30 veit ikkje, og 27 svarar ikkje på spørsmålet. Veit ikkje-gruppa blir her også dominert av kandidatar frå Arbeiderpartiet og Framstegspartiet. Ap-kandidatane viser til eit eventuelt stemningsskifte, medan mange av Frp-kandidatane peiker på ei folkeavstemming om å sende søknad.
SV-leiar Kristin Halvorsen forklarar til dømes sin ståstad i EU-spørsmålet på denne måten i Nei til EUs valavis, Standpunkt:
- Noreg kan gjere ein viktigare jobb internasjonalt utanfor EU. Som EU-medlem kan vi ikkje vere like sjølvstendige i fredsinitiativ. I tillegg vil vi bli pålagt firkanta rammer for den økonomiske politikken som kan hindre ein effektiv kamp mot arbeidsløyse og ulikskapar. EU-prosjektet manglar også folkeleg forankring, eg meiner det er ein trussel mot demokratiet på lang sikt. (NPK)