Tiltak mot tinnitus

Artikkelen fortsetter under annonsen

Så mange som 200.000 nordmenn har plagsam øyresus, eller tinnitus. No skal behandlinga bli betre. Lidinga skal dekkast breiare i legestudiet, og etterutdanninga av legar vil bli styrkt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Det skal etablerast eit nasjonalt kompetansenettverk for tinnitus. Kvar helseregion skal få minst ei tverrfagleg gruppe for dei hardast ramma pasientane.

Dei fem helseregionane får også ei rådgjevingsteneste. Alle nivå i kommunane, særleg lærarar, skal få informasjon slik at problema kan fangast opp.

Planen skal no handsamast i Helse- og omsorgsdepartementet, og vert truleg sett i verk neste år, står det skrive på nettsidene til Hørselshemmedes Landsforbund.

(NPK)