Vi tener mindre enn vi trur

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei norsk gjennomsnittsløn er blant dei høgste i Europa, men dette biletet endrar seg om ein ser på mengda av varer og tenester som løna gir høve til å kjøpe.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

Det er langt på veg ein myte at dei nordiske landa merkjer seg ut med spesielt høge lønningar i ein europeisk samanheng. Det høge prisnivået her i landet fører til at Noreg fell nedover på lista over kor mykje vi får for løna vår, og vi endar opp på ein åttande plass.

Danmark, Belgia og Tyskland har størst kjøpekraft med den løna dei får, medan Noreg ligg vesentleg høgare enn nordiske naboar som Finland, Island og Sverige. Ungararane kan kjøpe minst for løna si.