Glutenintoleranse gir låg fødselsvekt
(NPK):
- Den viktige lærdommen må derfor bli at kvinner i fertil alder, og spesielt dei som prøver å bli gravide, bør vere merksame på eventuelle symptom på glutenintoleranse, seier dosent og barnelege Jonas L. Ludvigsson ved Universitetssjukehuset i Örebro til Svenska Dagbladet.
Den svenske kartlegginga hadde med drygt 2.000 barn som vart fødde av glutenintolerante mødrer. Vel 1.100 hadde fått diagnosen før fødselen og vel 900 i etterkant.
Uoppdaga glutenintoleranse kan gi negative effektar på fosterutviklinga. Risikoen for låg fødselsvekt under 2.500 gram blir dobla. Risikoen for å føde for tidleg eller ved keisarsnitt vert også større, går det fram av kartlegginga.