Mange millionar bilete på mobil

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bruken av multimedia-meldingar på mobiltelefonen har eksplodert.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Aftenposten har henta inn tal frå Netcom og Telenor, som viser at selskapa til saman formidla nesten 35 millionar biletmeldingar (MMS) i første halvår i år. I same periode i fjor vart det sendt litt over 18 millionar biletmeldingar. Det er nesten ei dobling.

Til samanlikning vart det sendt 1,86 milliard tekstmeldingar (SMS) via Netcom og Telenor i løpet av første halvår i år. Tilsvarande tal for i fjor var 1,45 milliard.

Dei to andre mobilselskapa i Noreg, Chess og Tele2, kan også fortelje om ein stor auke av bildemeldingar.