Kvinner går sjeldnare konkurs

Artikkelen fortsetter under annonsen

Menn står for 89 prosent av konkursar i norske enkeltpersonføretak, trass i at ein av fire slike føretak er kvinner.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):

- Eg er ikkje overraska, seier kjønnsforskaren Ragnhild Steen Jensen.

- Kvinner er meir forsiktige når dei startar eiga bedrift. Dei vurderer situasjonen nøye før dei byrjar, og tek gjerne ut lite løn og er generelt forsiktige med økonomien når dei først har sett i gong.

Skam

- Kvifor er kvinner meir forsiktige?

- Det er vanskeleg å svara på, men det ligg nokre kulturelle normer til grunn. Kan henda vert det å gå konkurs opplevd som ei større skam for kvinner enn for menn, seier Jensen, men understrekar at dette berre er ein hypotese.

- Ei anna forklaring kan vera at kvinner generelt jobbar i trygge jobbar innan helse og offentleg sektor. Mange vurderer kan henda eit utrygt tilvære som enkeltpersonføretak som mindre ideelt med tanke på det å få born.

Ho fortel også at enkelte kvinner har problem med å få etableringslån og tilskot.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- På grunn av mannlege banksjefar?

- Ja, men her sprikar forskinga. Det er likevel mogleg at kvinner opplever ei sterkare siling før dei eventuelt får realisert prosjekta sine. Dette kan leia til at dei føretaka som vert sett i gong er meir livskraftige.

Vågemot

Jensen, som jobbar ved Institutt for samfunnsforsking, er oppteken av at ikkje alle treng å starta eigne bedrifter. Ho understrekar likevel at vi treng ein større toleranse for det å gå på trynet.

- Her i Noreg, og kan henda i heile Norden, er det som sagt sterk skam knytt til dette. I andre delar av verda er ein meir oppteken av at du i alle fall har våga å prøva.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tala frå Statistisk sentralbyrå kan ifølgje forskaren også spegla at kvinner og menn etablerar seg i ulike næringar.

- Vi ser klåre forskjellar i sysselsetjingsmønstra mellom kjønna. Kvinner er mest engasjert i helse, personleg tenesteyting, undervising og butikk. Menn er overrepresenterte i sektorar som bygg og anlegg, som gjerne er meir vare for konjunktursvingingar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tregt næringsliv

Eitt av tre nyetablerte enkeltpersonføretak i 2003 var ei kvinne. Sett i høve til konkurstala kan det tyda på at kvinnedelen er på veg opp. Samstundes understrekar Jensen at næringslivet er det samfunnsområdet der likestillinga går tregast.

- Enkeltpersonføretak er ein ting. Det kan tenkast at vi vil sjå ei utvikling med fleire kvinner i slike. Men i større bedrifter som krev meir kapital er kvinner framleis svært dårleg representerte. Det er noko med kvinner og pengar, men dette skal eg finna ut av, seier Ragnhild Steen Jensen