Vil ha studentrabatt til alle

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Berre studentar under 30 år får rabatt på kollektive reiser. Dette er meiningslaust, meiner Norsk Studentunion.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Svært mange studentar er over 30 år, og vi synest det er urettferdig at ikkje desse får studentrabatt. Ingenting tyder på at dei som er over 30 år har betre økonomi enn andre studentar, seier Mari K.J. Markman, nestleiar i Norsk Studentunion.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at alderen på studentar har stige dei siste åra. I 2004 var nærare 69.000 studentar over 30 år, medan talet var 63.000 i 2001.

Ifølgje Aftenposten har Samferdselsdepartementet ingen planar om endre på aldersgrensa. (NPK)