Nordmenn er hageelskarar
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Maxbo har fått Perduco til å spørja 1.900 nordmenn om hagevanane. Svara er oppløftande tal for byggjevarekjeda. 57 prosent seier at hagen er ein hobby, og heile 93 prosent har eigen hage, balkong eller terrasse.
I undersøkinga kjem det fram at seks av ti ser hagen som viktig for mosjon og fysisk aktivitet, og at kvar tredje nordmann meiner han eller ho har flottare uteareal enn naboane sine. I Aust-Agder er flest folk mest nøgde med sitt eige uteareal (40 prosent), medan Sør-Trøndelag er i den andre enden med 22 prosent.