Moskva skal få Europas høgaste skyskrapar

Artikkelen fortsetter under annonsen

I 2007 skal Europas høgaste skyskrapar stå ferdig i Moskva. Bygninga blir på heile 85 etasjar og kjem til å rage 340 meter til værs.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kostnaden er rekna til 440 millionar euro eller 3,4 milliardar kroner.

Skyskraparen har fått namnet «The Federation Complex» og er konstruert slik at den skal tole eit terroriståtak av same storleik råka New York den 11. september 2001.

- Konstruksjonen er så sterk at dersom bygget blir råka av eit fly, vil det ikkje få nokon konsekvensar, fortel arkitekt Sergei Tchoban til EuObserver.com.

Moskva er byggjeplass for fire andre store skyskraparar på mellom 250 og 305 meters høgde, noko som er svært stort etter vanleg europeisk målestokk.

- Russland oppfattar seg sjølv som midtpunktet mellom Europa og Asia, og vil gjerne framstå som ein metropol og finanssenter i verdsklasse, seier arkitekten. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk