Nær 16 prosent færre kvinner i landbruket

Artikkelen fortsetter under annonsen

Frå 2000 til 2004 vart det 3225 færre kvinner i norsk jordbruk. Dette tilsvarar ein nedgang på 15,8 prosent. - Politikarane veit diverre kva dei gjer, seier assisterande generalsekretær Jon Petter Løv

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den totale nedgangen i sysselsette i jordbruket, jakt og viltstell frå 2000 til 2004 var på 10,9 prosent. Det vart 3824 færre menn i jordbruket i same periode, men fordi det er mange fleire menn i jordbruket i utgangspunktet, vert den prosentvise nedgangen mindre; 8,6.


Høge utgifter


Løvstad har ikkje problem med å peika på årsaka til nedgangen i kvinnedelen. - Kvinner har større sysselsetting på små bruk. Færre kvinner i landbruket er ei naturleg følgje av landbruksminister Lars Sponheim (V) gjev 11 milliardar i tilskot til større bruk.

Dette kjem på toppen av ein reell nedgang i ytingar til landbruket på over ein milliard. Bønder som grev Wedel Jarlsberg i Tønsberg får tilskot utan avgrensing, og det til kornbruk som i utgangspunktet er av dei mest lønsame i norsk landbruk.

Statssekretær Leif Helge Kongshaug i Landbruks- og matdepartementet vil ikkje kommentera enkeltbruk, men peikar på at også store kornprodusentar er viktige for å halda oppe kulturlandskapet.

Samstundes er han open for at ein kan diskutera større avkorting til store bruk. Men regjeringa har også arbeidd målretta for å få ned kornprisane.

- Kostnadane i norsk landbruk er for høge. Høge prisar på kraftfôr er ein viktig grunn til dette. Når vi regulerar ned kornprisane for at kraftfôret skal bli billegare, får kornbønder lågare inntekt. Det er viktig å sjå ting i ein større samanheng.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gulrot


Statssekretær Leif Helge Kongshaug er klar over at det vert stadig færre kvinner i landbruket, men han likar det ikkje.Statssekretær Leif Helge Kongshaug er klar over at det vert stadig færre kvinner i landbruket, men han likar det ikkje.

Løvstad seier landbruksministeren nyttar tilskotsreglar og investeringsstønad medvite som gulrot til bøndene. Målet er færre, større og meir kostnadseffektive bruk. Ein av effektane er altså færre kvinner i landbruket.

Kongshaug meiner Løvstad ikkje har teke inn over seg at situasjonen for norsk landbruk har endra seg. - Noreg har sett store endringar dei siste åra. Det er mangel på arbeidskraft, og berre sidan 1997 har lønsnivået auka med 100.000 kroner i snitt.

I ein slik situasjon held det ikkje å dra på handbrekket eller setja bilen i revers, slik det verkar som Løvstad vil. Kongshaug peikar også på mekaniseringa i landbruket som ein grunn til at kvinneprosenten minkar.
- Mange av oppgåvene ein før måtte vera to om, kan no løysast av ein person åleine.

Han understrekar vidare at utviklinga med færre kvinner i landbruket ikkje er vilja. Departementet er klar over tendensen, men likar den ikkje. Målet er likestilling, også i landbruket.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Landbruk minus


Under paraplyen Landbruk Pluss er det sett i gang fleire prosjekt som er tenkt å gje bønder nye bein å stå på. Kongshaug kan visa til 500 nye osteprodusentar, og mange kvinner er aktive i sokalla grøn omsorg.

Eit anna tiltak er seterturisme, men ifølgje Løvstad stupar også setringa.
- Vi er einige med regjeringa i at det er viktig med attåtnæringar og å tenkja nytt. Men landbruksministeren legg samstundes opp til ei slakting av landbruket. Det er tale om rein høgredreiing frå liberalisten Sponheim. Han kallar det å gje bonden større fridom, og gjer om på regelverket slik at sterkt økonomisk pressa bønder kan tena mellom ein og to millionar på å selja ei seter som det har teke 100 år å byggja opp.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Kjapp gevinst


Jon Petter Løvstad kallar det høgrepolitikk, men legg til at verdikonservatismen er heilt borte.

- Regjeringa sin landbrukspolitikk er tilpassa børshandlarar som er ute etter kjappe gevinstar. Sel ein ressursane ut av landbruket, står ein ribba att. I staden for til dømes å leggja opp til leigeinntekter i utmark, gjer ein det mogleg for ein odelsgut å selja setra og kjøpa seg luksusbil for alle pengane. Slikt er berre til glede for ein generasjon.

Artikkelen fortsetter under annonsen


Sponheim spår auke


– Dette viser kor viktig det er å satsa på alternative næringar i landbruket, seier landbruksminister Lars Sponheim (V).– Dette viser kor viktig det er å satsa på alternative næringar i landbruket, seier landbruksminister Lars Sponheim (V).

Landbruksminister Lars Sponheim kommenterte saka på regjeringspartia sin presselunsj i Ulvik onsdag. Han meiner det berre er eit spørsmål om tid før talet på kvinner vil gå opp.

- Dette viser kor viktig det er å satsa på alternative næringar i landbruket. Eg har stått for ein politikk som går ut på å løfta fram alternativa utan at det skal gå ut over tradisjonell volumproduksjon.

Dette har god appell til kvinner, anten vi snakkar om ysteri eller reiseliv eller kva det no er.
- Men då burde det og gjenspegla seg i statistikken?
- Jau, men først for to år sidan vart det lov å produsera så mykje mjølk ein vil utan kvote om du ystar sjølv. Så det vil ikkje dukka opp i statistikken endå.

Samstundes veit vi at det er åtskillige produsentar som har planar om å starta matforedling på garden, men som ennå ikkje har gjennomført det. Sjølv om det ikkje dukkar opp i statistikk, så vil eg spå at mange av desse er kvinner.
- Du meiner utviklinga vil snu?
- Dersom vi bare har eit volumjordbruk, der sysselsettinga fell medan volumet består, vil det vera mest attraktivt for menn. Men lukkast vi med satsinga vår på alternativ, vil det auka talet på kvinner. Så eg vil ha endå meir av den politikken, seier Sponheim. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk