Dyrelivet i ferskvatn stadig betre

Artikkelen fortsetter under annonsen

Levevilkåra for dyrelivet i norsk ferskvatn blir betre og betre. Dette viser seg ved større mangfald i dyrelivet i vatn som i lang tid har vore kronisk sure.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dette går fram av nye tal frå Statleg program for overvaking av forureining, som SFT (Statens forureiningstilsyn) har hovudansvaret for.

Men sjølv om tilstanden samla sett er vorte betre, er det framleis ein del område på Sørlandet og delar av Austlandet der skadane er store.

Hovudårsaka til at forsuringsskadane er vorte mindre er at utsleppa til luft av svovel og nitrogen i Europa har vorte redusert med høvesvis om lag 60 og 25 prosent. Dette har ført til at elvar og innsjøar har vorte mindre sure. Nivået av sulfat i vatn er redusert med frå 30 til 70 prosent. Nivået i fjor er det lågaste som er målt sidan målingane starta for 25 år sidan. Endringane er størst i dei sørlegaste delane av landet. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk