Europearane meir kritiske til EU

Artikkelen fortsetter under annonsen

Europearane er blitt meir kritiske til EU-unionen og ikkje fullt så optimistiske med omsyn til framtida.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Men det er svært få som stiller spørsmålsteikn ved medlemskapen i unionen eller den politiske integrasjonsprosessen i seg sjølv.

Dette går fram av tala frå det nye EU-barometeret.

Ifølgje visepresident Margot Wallström, er EUs utfordring å knytte EUs innbyggjarar tettare til den politiske prosessen og å leggje større vekt på utfordringar som globalisering, arbeidsløyse og sosiale problem.

- Europas folk og organisasjonane som representerer dei må få meir å seie. Vi må lære å lytte til kva folket seier.

EU-barometeret blir laga på grunnlag av intervju med nesten 30.000 menneske i alle EU-landa. Intervjua vart gjennomførde i mai/juni. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar: Nynorsk