Vil synleggjera homofile i Forsvaret

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forsvaret ønskjer å gjera livet litt lettare for homofile soldatar ved å bruke homofile offiserar som rollemodellar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kaptein Hall Fure er sjølv homoseksuelle og ein av dei få offiserane som har valt å stå ope fram med seksualiteten sin.

På konferansen «(U)synlig!» i Bodø i dagane 29. til 30. august skal Hall Fure og den svenske kollegaen hans, Krister Fahlstedt, fortelja om korleis det er å vera homofil i Forsvaret.

Hall Fure seier til NRK Troms og Finnmark at sjølv om han stort sett fekk positive reaksjonar då han stod fram, er det ikkje lett å stå fram som homofil i Forsvaret. Dette ønskjer han å gjera noko med. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk