Ny kjønnssjukdom oppdaga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein ny kjønnssjukdom spreier seg i Sverige.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjukdomen LGV er ikkje påvist i Noreg enno, men talet på smitta aukar i Nederland, Frankrike og England og har altså dukkar opp i Sverige.

- Auken kjem enten av eit nytt utbrot eller at sjukdomen er vanlegare enn ein har trudd, seier smittevernoverlege Ingela Berggren Palme til Dagens Nyheter.

Sjukdomen er relativt vanleg i tropiske delar av Asia, Afrika, Sør- og Sentral-Amerika, og blir spreidd i Europa og USA blant menn som har sex med menn.

Overlege Helge Blystad ved det norske Folkehelseinstituttet seier at LDV berre dukkar opp i svært spesielle miljø og i svært få tilfelle, og at ikkje er grunn til panikk.

Han karakteriserer LGV som ein klamydiavariant, men seier at sjukdomen kan gje ekstra utslag for HIV positive på grunn av nedsett immunforsvar. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk