Framleis minst vald på bygda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er nær på 150 prosent større sjanse for å verta utsett for noko kriminelt i byen enn på bygda. Dette kjem fram i Statistisk sentralbyrå si Levekårsundersøking 2004.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kjem kan henda ikkje som ei overrasking på nokon, men det er framleis tryggare på bygda enn i byen. 8,9 prosent av dei som budde i strok med færre enn 200 innbyggjarar vart utsette for vald, trugsmål om vald, tjuveri eller skadeverk i løpet av dei tolv månadene før undersøkinga vart gjennomført.

Tilsvarande tal for tettstader med 100.000 eller fleire innbyggjarar var 22,1 prosent.


Ikkje meir kriminalitet


Om ein ser heile landet under eitt, vart 15,6 prosent råka av kriminalitet i fjor. Dette talet har halde seg påfallande stabilt sidan SSB byrja å samla inn tal i 1983. Det er altså ikkje statistisk hald for å snakka om ein valds- eller kriminalitetsboom i Noreg.

Om forskjellane over tid ikkje er store, er det tydelege geografiske variasjonar. 20 prosent av innbyggjarane i Oslo og Akershus var utsette for lovbrot. På andreplass kjem Agder og Rogaland med 17 prosent, medan Vestlandet og Nord-Noreg ser ut til å vera dei tryggaste regionane.

Her hadde 12,7 prosent opplevd noko kriminelt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rike minst redde


Ei ny studie frå Sentio syner at folk ser rasjonelt på trugsmålet frå kriminaliteten - trass i ei markant auke i media sitt fokus på slike saker. Frykta for å verta utsett for noko kriminelt var størst i Oslo/Akershus og lågast i Nord-Noreg.

Sentio si undersøking frå mai i år synte også at kvinner er meir engstelege enn menn, og at dei med samla inntekt mellom 600.000 og 900.000 tusen var klart mest skvetne. Dei minst urolege tente over 900.000.

Tek ein omsyn til veksten i folketalet, har ikkje politiet fått meir å gjera sidan midten av 80-talet.(NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk