Handfri gjev falsk tryggleik

Mobilbruk under bilkøyring er farleg, og ei handfri-løysing hjelp lite, slår ei australsk undersøking fast.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Med handfri i bilen er risikoen for å kollidere heile 3,8 gonger større enn om ein ikkje nyttar telefon i det hele tatt. Det er likevel hakket betre enn om ein held telefonen i handa. Då aukar sjansen fem gonger for å hamne i ei ulykke.

Vi veit at alt som tek merksemda vekk frå køyringa aukar risikoen vesentleg. Det gjeld bruk av GPS og cd-spelar, men også krangling eller urolege barn. Disse tala overraskar meg ikkje, seier Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk til Computerworld.no.

I Noreg er det lov å snakke i mobil medan ein køyrer om ein brukar eit handfrisett. Dersom tala i undersøkinga viser seg å vere rette gjev det ein falsk tryggleik for bilistar på norske vegar. Men Strømme meiner likevel ikkje at lovgjevinga bør bli skjerpa inn.

- Vi ønskjer ikkje at alt skal vere forbode. I tillegg er det mange saker som kan føre til ulykker. Skal du forby handfri-ringing, bør også GPS og cd-spelar bli forbode. Det er å gå for langt.

Det er viktigare at folk er merksame på at all handling kan distrahere merksemda frå trafikken, og aukar risikoen for ulykker, seier Strømme til nettstaden. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk




Personvernpolicy