Fruktbare kvinner likar framfusne menn

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er størst sjanse for at kvinner i faste forhold er utru når dei er på sitt mest fruktbare - og då gjer dei det med ein mann med gode genar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Tsjekkiske forskarar let ei gruppe på 65 kvinner lukte på bomullslappar med sveitte frå underarmane til 48 menn.

På førehand hadde mennene gjeve graderte svar på ei rekke påstandar av typen «eg er festens midtpunkt». Svara gav ein indikasjon på graden av sosial dominans.

Spanande lukt


Kvinnene vart sette til å rangere bomullslappane etter kor pirrande og maskuline dei opplevde lukta. Det viste seg då at kvinner i stabile forhold fann lukta frå dei sosialt dominerande mennene mest spennande - men dette gjaldt berre dei kvinnene som hadde eggløysing.

Kvinner på andre stadium i menstruasjonssyklusen synte ikkje tilsvarande preferansar.

I tillegg var utslaget berre tydeleg for kvinner I faste forhold. Dette syner ifølge Jan Havlícek ved Charles University I Praha, at bade menstruasjonsfase og sosiale tilhøve kan ha innverknad på valet av mann.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Arbeidsdeling


Resultatet bygger oppunder ein teori som seier at kvinner ønskjar ulike ting frå ulike menn til ulike tider. Dei går inn i parforhold med menn som vil ta godt vare på avkommet. Eventuelle sidesprang vil derimot favorisere suksessrike hannar som, sjølv om dei truleg ikkje er gode fedrar, kan by på gode genar.

Havlícek seier til nature.com at også andre studiar har vist ein auka tendens til utruskap hjå kvinner som er på sitt mest fruktbare. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk