Meir enn tusen prosent i auka sal

Artikkelen fortsetter under annonsen

Salet av Pink Floyd si siste utgjeving har auka med 1.343 prosent etter at dei tok del i Live 8 markeringa laurdag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er nettstaden NME.com som har følgd med på salstala til artistane som var med på markeringa i forkant av G8-toppmøtet I Edinburgh.

Ein treng ikkje mistru motiva til musikkikona, men det viser seg altså at det ikkje berre er verdas fattige som tener på engasjement. Her er lista NME har publisert, med tittelen på artistane si mest aktuelle utgjeving i parentes.

1. Pink Floyd (Echoes - Best Of) - 1343 %
2. The Who (Then & Now) - 863 %
3. Annie Lennox (Eurythmics Greatest Hits) - 500 %
4. Dido (Life for Rent) - 412 %
5. Razorlight (Up all Night) - 335 %
6. Robbie Williams (Greatest Hits) - 320 %
7. Joss Stone (Mind, Body & Soul) - 309 %
8. Sting (Greatest Hits) - 300 %
9. Travis (Singles) - 268 %
10. Madonna (Immaculate Collection) - 200 %
11. Scissor Sisters (Scissor Sisters) - 174 %
12. Mariah Carey (Greatest Hits) - 170 %
13. Snoop Dogg (Rhythm & Gangsta) - 166 %
14. The Killers (Hot Fuss) - 131 %
15. U2 (Best Of: 1990 - 2000) - 116 %
16. Elton John (Greatest Hits 1970 - 2002) - 111 %
17. Keane (Hopes & Fears) - 101 %
18. The Beatles (Number 1s) - 71 %
19. Snow Patrol (Final Straw) - 69 %
20. REM (Reveal) - 50 %
21. Stereophonics (Language, Sex, Violence, Other) - 36 %
22. Coldplay (X&Y) - 3 %

Den moderate framgangen til supergruppa Coldplay kjem av at dei har lege på topp i fleire veker allereie.

Live 8-effekten er venta å halde fram utover i veka.

- Dette stillsbiletet av salstala viser berre at Live 8, som sin forgjengar for 20 år sidan, Live Aid, har påverka marknaden, seier Gennaro Castaldo i den britiske platekjeda HMV. Han reknar med at påverknaden vil bli endå meir tydeleg seinare i veka. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk