Flørt og krangel på SMS

Artikkelen fortsetter under annonsen

Har du blitt sjekka opp på SMS? Eller kan henda dumpa? I så fall er du ikkje åleine.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

99 av 100 unge sender SMS. Det viser ei undersøking utført av Telenoreigde Djuice og Norstat som denne veka vart presentert på Quartfestivalen i Kristiansand.

Nær 1000 personar mellom 15 og 30 år er spurde om mobilvanane sine. 9,9 av 10 brukar SMS. 6 av 10 sender biletmeldingar (MMS). 8 av 10 rapporterer med mobil frå ferien. Kvar fjerde melding er bilde eller film, medan 6 av 10 sender SMS. Det er nesten like alminneleg å senda bilete og video som å ringa heim.

Flørt

7 av 10 sender festrapport med mobil. 4 av 10 via MMS. 6 av 10 har brukt mobil til å ta første kontakt med ein dei er interessert i. 54 prosent brukte SMS i år, mot 35 prosent i fjor. 8 av 10 har brukt mobil til å flørta.

Ifølgje VG har 4 av 10 avslutta ein krangel med kjærasten på mobil, og då i hovudsak på SMS. 3 av 10 har gjort det slutt på mobil. Kvar sjette på SMS.
5 av 10 angrar på meldingar sendt i fylla. Flest single får anger: 55 prosent av single mot 37 gifte/sambuande.

Bruken av bilet- og videomeldingar på mobiltelefonen har teke heilt av sidan tenestene for to år sidan vart lanserte på Quart. 87 prosent har sendt bilete av familie og vener. 54 prosent har sendt skrytebilete. 40 prosent ferie- og festrapportar, 28 prosent sender bilete med erotisk innhald. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk