Meny

Antibiotika kan gje hjartemisdanning

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Nye opplysningar frå Sverige tyder på at det antibiotiske legemiddelet erytromycin kan gje hjartemisdanning hos fostre om det blir brukt tidleg i svangerskapet.

Legemidlet høyrer til ei gruppe antibiotika som har vore på marknaden i over 50 år, ifølgje Statens legemiddelverk. Det har tidlegare vore tilrådd som eit sikkert antibiotikum på linje med penicillin.

Men no har ein ny studie, basert på data frå det svenske medisinske fødselsregisteret, påvist ein mogleg auke i talet på hjartemisdanningar hos barn når mødrene deira hadde brukt erytromycin tidleg i svangerskapet.

Statens legemiddelverk oppfordrar derfor legar til å vere forsiktige med å gje legemiddelet til gravide i dei tre første månadene av svangerskapet, og påpeiker at penicillin bør bli nytta så langt råd er. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus