Meny

Norsk lege heidra av FN

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Den norske legen Ling Merete Kituyi og kollegaene hennar ved FN-kontoret i Nairobi får pris av FN for arbeidet omkring hiv på arbeidsplassen.

Prisen er oppretta for å heidre FN-tilsette som betrar arbeidet i FN gjennom prosjekta og programma sine.

UN Office at Nairobi (UNON), med Kituyi i spissen, har urvikla eit program for å støtte arbeidstakarar med hiv/aids, og deira pårørande. Dei tilsette får blant anna behandling ved eit sjukehus der journalane blir anonymiserte.

I Kenya er sju prosent av folket smitta av hiv, og smitta har også ramma minst 120 FN-tilsette.

- I FN globalt er rundt fem prosent av staben hiv-positive og ved enkelte kontor er 50 prosent smitta, seier Kituyi. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus