Meny

Flaumvarsel for store delar av Noreg

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt ut flaumvarsel for store delar av Noreg.

Meldinga gjeld for høgareliggjande vassdrag i fylka Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og nordvestlege delar av Oppland. Meldinga gjeld for 5. til 8. juli.

«Vassføringa i høgareliggjande vassdrag med mykje snø i nedslagsfeltet er stor på grunn av snøsmelting. Det er varsla høge temperaturar og vassføringa vil auke ytterlegare i disse vassdraga», skriv NVE på heimesida si.

Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal: Vassføringa i øvre delar av Driva, Rauma og tilgrensande vassdrag er venta å stige til eit nivå mellom middelflaum og 5-års flaum.

Sogn og Fjordane, nordlege deler av Hordaland:
Vassføringa er venta å stige til rundt middelflaum i indre og høgareliggjande strøk.

Oppland: Vassføringa i Otta og øvre deler av Gudbrandsdalslågen er venta å stige til rundt 5-årsflaum. I midtre og nedre delar av Gudbrandsdalslågen vil vassføringa halde seg på eit nivå som er vanleg for årstida, melder NVE. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus