- Kvinner må spela på sex i toppidretten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinnelege elitespelarar i fotball må jobbe dugnad og ta av ferien sin for å kunne drive idrett på toppnivå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mannlege elitespelarar får bilar og millionlønn. Spelarane på kvinnelandslaget i fotball fekk 45.000 kroner kvar for sølvmedaljen sin. Hadde herrespelarane greidd tilsvarande ville individuell bonus vore 1,2 millionar kroner.

- Kvinner må spele på sex og vere attraktive for det mannlege blikket for å få innpass på sponsormarknaden, seier Jorid Hovden, 1. amanuensis i idrettsfag ved Høgskolen i Finnmark.- Kvinner må spele på sex og vere attraktive for det mannlege blikket for å få innpass på sponsormarknaden, seier Jorid Hovden, 1. amanuensis i idrettsfag ved Høgskolen i Finnmark.

I «Ivar Aasen-minneforedraget 2005» under dei Nynorske festspela sette idretts- og kjønnsforskar Jorid Hovden søkelyset på idrettens kjønnspolitikk, og på dei utfordringane idretten møter i ein stadig meir kommersialisert idrettskultur.

- Kva skjer med likestilling som verdi når idrett blir gjort til eit kommersialisert produkt, og sponsorane betalar langt meir for framvising av idrettskvinners seksuelle attributt enn for idrettsprestasjonane deira, spør Jorid Hovden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho har sjølv ein idrettskarrriere bak seg innan handball og volleyball, mellom anna var ho landslagsspelar i volleyball. Ho er i dag 1.amanuensis i idrettsfag ved Høgskolen i Finnmark.

- I realiteten står vi over for eit tilbakeslag for likestillingssynet i idretten og i staden opplever vi aukande kjønnsdiskriminering og pornografisering av det offentlege rommet, seier Jorid Hovden.


Elvis i Volda

- Var Elvis eigentleg vossing og ein reinkarnasjon av Per Sivle? – Slett ikke umogeleg, seier Stig «Elvis» Furset, og minner om en skremmande likskapen mellom «Berre ein hund» og «You ain’t nothin’ but a Hound dog».- Var Elvis eigentleg vossing og ein reinkarnasjon av Per Sivle? – Slett ikke umogeleg, seier Stig «Elvis» Furset, og minner om en skremmande likskapen mellom «Berre ein hund» og «You ain’t nothin’ but a Hound dog».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei Nynorske Festspela har eit variert og fargerikt programtilbod. Torsdag kveld var det Elvis-imitatoren frå Husnes, Stig «Elvis» Furset som samla godt med folk i puben Dirty Nelly i Volda, der han gjennom eit times langt kåseri argumenterte for at Elvis Presley i grunnen må reknast som ein ekte nynorsking.

Artikkelen fortsetter under annonsen


På same måten som Ivar Aasen samla han «stemmer» frå mange kantar og laga eit nytt «musikalsk språk», som framleis grip menneske i heile verda, sa «Elvis» Furset, og viste original-Elvis på DVD så folk beint fram vart andektige i fjeset, rett som det var.

- Eg hadde eigentleg tenkt meg til Roskilde, fortalde Elvis Furset etterpå, men så fekk eg spørsmål om dette oppdraget i samband med Dei Nynorske Festspela. Eit slikt tilbod får du berre ein gong i livet. Dette var artig.

Skarre-r

Artig var det også tidlegare på kvelden då ein fullsett sal i Aasen-tunet fekk høyre om historia til skarre-r-en, om korleis han truleg oppstod i Paris og breidde seg nordover frå storby til storby før han landa i Bergen tidleg på 1800-talet og tidleg fekk fotfeste både på Sørlandet og andre stader. No breier han seg freidig nordover langs vestlandskysten.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Skarre-r-en blir stoppa ved Stadt, trur Arne Torp, 1.amanuensis i nordisk ved Universitetet i Oslo. Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er ikkje så sikker på det.

- Viss møringane gjer opprør mot Ålesundsmålet, kjem skarre-r-en og tek dei, meiner han. (NPK)

– Skarre-r-en blir stoppa ved Stadt, trur Arne Torp, 1.amanuensis i nordisk ved Universitetet i Oslo. Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er ikkje så sikker på det.– Skarre-r-en blir stoppa ved Stadt, trur Arne Torp, 1.amanuensis i nordisk ved Universitetet i Oslo. Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er ikkje så sikker på det.


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk