Meny

Ta minst tre veker ferie

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): Tre veker med ferie er som regel nok for å få eit godt avbrekk i kvardagen, meiner ekspertar.


For å klare å utnytte ferien er det viktig å jobbe seg ned på førehand, meiner Gunnar Aronsson, som er forskar ved svenske Arbetslivsinstitutet. Han har forska på ferierande svenskar og funne ut at 15 prosent av de ferierande ikkje var utkvilt etter ferien. Dei mest utsette var dei som var så slitne at dei ikkje rakk å ta seg inn igjen i løpet av en ferie og folk som følte at dei ikkje strekte til på jobben.

- Dei fleste får eit godt avbrekk ved å ta tre veker med ferie om sommaren, seier den svenske forskaren til Aftenposten.

I arbeidet med forskingsprosjektet «Trøtthetens tid» var den norske forskaren Ulla-Britt Lilleaas i kontakt med i underkant av 20 leiarar. Dette var leiarar som var så slitne at de hadde «møtt veggen», og som etter kvart valde å bryte med den livsrytmen de levde i.

- Eg trur det er viktig at ein tek omsyn til det behovet ein har for kvile i kvardagen. At ein kjenner at ein har tid og høve til å puste ut. At ein ikkje berre hastar heim, for kanskje å få i seg middag. Nokre av dei leiarane vi var i kontakt med, var ikkje heime frå jobb før ti-elleve om kveldane. Det seier seg sjølv kroppen ikkje toler dette over tid. Det gjeld å leggje inn litt kvile kvar dag, seier Lilleaas til Ukeavisen Ledelse. (NPK)

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus