- Bruk seks spiseskeier solkrem!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nordmenn brukar både for låg faktor for tynt lag med solkrem. Dette er grunnen til at vi nesten ligg på verdstoppen i talet på førekomstar med hudkreft.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Når vi finn fram til faktorar, er det på basis av ei ekstremt stor mengd solkrem, seier Marit Vesterby, salsdirektør i Vichy til Aftenposten.

Lill Tove Nilsen i Statens strålevern fortel til avisa at ein må dele solfaktoren på mellom fire og to for å få den «verkelege» faktoren.

- Undersøkingar viser at nordmenn brukar for lite solkrem til å oppnå det vernet flaska lovar. I Europa er det mykje meir vanleg å bruka faktor 50 og 60. Men vi nordmenn, med bleik hud, brukar gjerne faktor fire eller fem.

Seks spiseskeier


I tillegg smør vi altså på eit alt for tynt lag, noko som forklarer kvifor så mange får hudkreft. Mattilsynet rår ein vaksen person til å smørja seg inn med om lag seks spiseskeier solkrem.

- Vi brukar til vanleg mellom ei og ei halv og tre spiseskeier. Seks spiseskeier er ganske mykje, så ein skal ikkje smørja seg så mange gongar før flaska er tom, seier seniorrådgjevar Hans Jørgen Talberg.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

200 døyr


Årsaka til at produsentane brukar så mykje krem når dei fastset faktoren, er at målingane ikkje blir sikre nok med tynne lag.

Om lag 1.000 personar i Noreg får kvart år føflekkreft, som er den mest alvorlege forma for hudkreft. Om lag 200 døyr. Talet på tilfelle av hudkreft har auka med over 500 prosent sidan 1950-talet.

Noreg ligg på tredjeplass i verda nå det gjeld førekomsten av hudkreft, bak Australia og New Zealand. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk