Slutt med «Donald Duck» på kontantkortet

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Innan 1. august må alle kontantkort til mobiltelefon vere registrert med namnet til eigaren av kortet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Har ein ikkje gjort det innan fristen vil telefonnummeret bli stengd for trafikk, melder Post- og teletilsynet.

Etter 1. februar i år har det ikkje vore mogleg å etablere ein kontantkortavtale eller fylle på kortet utan å registrere kortet på eigaren.

For at registreringa skal vere gyldig må ein rekne med å legitimere seg, og fiktive namn som «Donald Duck» og «Fjerte-Guri» er ikkje lenger lovleg. (NPK)




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk