Svenskane blir robba på ferie - nordmenn går fri

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Svenskane er meir plaga med ferietjuveri enn nordmenn. Medan svenskane gjentekne gongar opplever å bli fråstolne ting på ferie, verkar dette som eit mindre problem for nordmenn.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Ei fersk spørjeundersøking gjort av Reisefeber.no og Resfeber.se, svarar heile 66 prosent av svenskane at dei har opplevd å bli fråstole ting fleire gonger, medan berre sju prosent av nordmennene svarer det same.

Ein interessant observasjon er at mange nordmenn seier dei har opplevd å bli fråstole noko ein gong, men ikkje fleire. Medan naboane våre blir stole frå om og om igjen.

- Denne undersøkinga viser klart interessante forskjellar. Det kan jo og virke som om vi nordmenn er langt meir forsiktige enn våre naboar, når vi har opplevd å bli fråstole noko ein gong, seier marknadssjef Caroline Haugsten i reisefeber.no.

- Nordmenn og svenskar vel stort sett same type reisemål. Vi finn ingen klare forskjellar her. Det er ikkje slik at svenskane reiser til stader som er meir utsett for kriminalitet enn det nordmenn, påpeiker Haugsten.

Nesten 6.000 personar har svart på undersøkinga. (NPK)