Aldri symjing etter mat?

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Aldri bade på full mage. Slik lyder formaninga. Mange er dei som likevel, med dårleg samvit og godt innarbeidd frykt for snarleg drukning, på ein varm sommardag har hoppa i vatnet like etter ei

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen


Teorien som ligg bak åtvaringa, er at fordøyinga fører til auka tilstrøyming av blod til magesekken, og bort frå musklane vi treng for å halda oss flytande. Dette kan gje krampar, noko som aukar sjansen for drukning.

Men no kjem det trøyst til såre samvit frå amerikansk forsking.

Dr. Roshini Rajapaksa ved New York University School of Medicine har sett på studium av drukningsulukker i USA. Ho konkluderer med at svært hard symjing på full mage kan gje krampar, men at mindre enn ein prosent av drukningsulukkene fann stad etter at ofra hadde ete.

Om ein tek ein drink eller to til maten, vert biletet eit heilt anna. Ifølgje The New York Times synte ein studie av 100 drukningar i Washington at 25 prosent av personane var påverka av alkohol. I ein endå større studie i California, hadde 41 prosent av dei drukna nytt alkohol. (NPK)