Like trygt å føde heime
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
(NPK):Det er snakk om planlagde heimefødslar med forventa låg risiko, og med jordmor til stades. Dødstalet var det same som for sjukehusfødslar i same gruppe, om lag 1,7 per 1.000 born, medan resultata viste ein markant lågare bruk av medikament og operative inngrep.
Overlege Pål Øian ved Kvinneklinikken, Universitetssykehuset Nord-Norge understrekar at ikkje alle kan føde heime.
- Men så lenge utveljinga er god, er det trygt - kan henda til og med betre enn på sjukehus, seier han til Tidsskrift for Den norske lægeforening.
Professor Lorentz Irgens ved Medisinsk fødselsregister meiner vi ut frå norske data vanskeleg kan tilrå heimefødslar. Han peikar også på at 12 prosent av kvinnene i den canadiske studien vart overført til sjukehus.