Menneske apar apevald

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barnemishandlarar kan ikkje skulda på genane.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK):Forskarar ved Universitetet i Chicago har studert to generasjonar aper av makakslekta. Alle apene som beit, slo, sparka og tråkka på ungane sine, hadde sjølv vore utsett for liknande handtering i oppveksten.


Forskarane bytta om på ungane, slik at nokre vaks opp hjå eigne mødrer, medan andre fekk fostermor. Dei fann inga mishandling blant hodyra som vaks opp utan vald, medan 9 av 16 valdsoffer enda med å mishandla eigne born.


Darius Maestipieri seier til NewScientist.com at resultatet kan relaterast direkte til menneskelege overgrep. Heile 70 prosent av menneska som mishandlar borna sine, har sjølv vore offer for overgrep i oppveksten.