Ny rekordomsetning for nettannonsar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Marknaden for annonsering på internett er ein stadig aukande bransje. I mai er det sett ny rekord for omsetning.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Samla omsetning for nettannonsar i førre månad er drygt 78 millionar. Det er ein auke på 35 prosent samanlikna med same månad i fjor. Auken er størst for merkevareannonsar, men rubrikkannonsar og stilling ledig-annonsar viser og gode tal.


- Dette er nok ein gong svært gledelege tal. Vi har ein samansett medlemsmasse, men dei rapportane vi har fått inn viser same tendens for alle nettstader. Det blir svært spennande å følgje nivået i sommarmånadene med tanke på det endelege årsresultatet, seier fagsjef Geir E. Engen i

Mediebedriftenes Landsforbund (MBL).


Sals- og marknadsansvarleg i VG Nett, Ole Sandbo, stadfester at ein opplever stor pågang frå annonsørane i Akersgata om dagen.