Kriminalitet rammar oftast bedrifter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er meir vanleg for private og offentlege bedrifter å bli offer for økonomisk kriminalitet enn det er for privatpersonar å bli utsett for vinnings- eller valdskriminalitet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Verksemder i varehandelen, hotell og restaurantar er mest utsett, skriv Samfunnsspeilet på grunnlag av ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå. Undersøkinga er eit ledd i Regjeringas arbeid med å halde nede økonomisk kriminalitet.

Drygt 22 prosent av bedriftene hadde sjølv vore utsett for økonomisk kriminalitet det siste året. Mest vanleg er grovt bedrageri, som for eksempel trygdemisbruk, økonomisk utruskap, korrupsjon og mutingar.