Norske Asono skal ta over Mp3-verda

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er langt mellom dei norske merka på elektromesse «Elektrofil 2005» som opnar i Oslo i helga. Asono, norsk produsent av dei populære Mp3-spelararane, er ein sjeldan blome på elektroenga, men satsar

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Vi skal bli eineherskande på Mp3-marknaden, og knuse Apple, seier salsfremjar i selskapet, Ann Kristin Hansen, litt spøkjefullt.
Men det er ikkje berre tull. Asono satsar seriøst mot den nordiske marknaden, og skuar mot verda. Salsfremjar Hansen meiner det er mogleg å selje inn norsk design utanfor Norden og.

- Det norske designet, med reine, stilfulle linjer, spelar på imaget til den norske naturen, som og blir sett på som rein og pen. Det skulle det absolutt vere marknad for både i Storbritannia og USA.
Asono har leigd inn det prislønte designbyrået Norway Says til å produsere flaggskipet, modellen Mica. Mica skal helst bli bore rundt halsen, som eit smykke, skal bli betjent med færrast mogleg knappar, og finst i tre fargar.

- Vi ønskjer å skilje oss ut i marknaden, og vil helst at folk skal ha spelaren rundt halsen. Meir som eit symbol på identitet og livsstil, seier Hansen visjonært, og fortel at design blir stadig viktigare for at dei ulike elektromerka skal skilje seg ut.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Stygge konkurrentar


Erlend Lappegård er ein av tre gründerar i selskapet. Korleis i all verda finn ein på at ein skal begynne å produsere norske Mp3-spelarar?

- Kvifor ikkje? Vi så ein sjanse i marknaden. No skal eg ikkje snakka stygt om konkurrentane, men mange av modellane dei tilbyr er ikkje spesielt fine. Det er mange flate boksar. Asono prøver å bruke det vi er gode på her oppe, det er skandinavisk design og kunnskap om den nordiske marknaden, fortel Lappegård.

Han er lei seg for at det er umogleg å produsere spelaren innanfor landegrensene. Produksjonen av spelarane er lagt til Sør-Korea, og det er ikkje tilfeldig, ifølgje representantane frå selskapet. Det er litt dyrare å produsere i Sør-Korea enn for eksempel i Kina, men kvaliteten skal vere høgare. Asono ønskjer ikkje å vere i det billigaste sjiktet av Mp3-produsentar, men har lagt seg i prisklasse middels til høg.

I det prissjiktet har dei norske spelarane mellom 25 og 30 prosent av marknaden her i landet, ifølgje gründer Lappegård. I den totale Mp3-marknaden i Noreg står Asono for ein salsandel på cirka 6-7 prosent.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Vil ut av Norden


- Det er marknaden utanfor Norden som er spennande, meiner Erlend Lappegård.

- Korleis skal de nå verdsmarknaden då?

- Det er fleire måtar å gjere det på, men først og fremst må vi skape merksemd rundt produkta våre.

Han viser til at modellen Mica fekk stor pressemerksemd under den store elektromessa Cebit i Hannover i Tyskland i mars, den vart «Gadget of the month» på ein stor internasjonal internettportal kalla Cnet.com, og det amerikanske trendbladet Wireds juliutgåve presenterer og testar spelaren. Representantane frå Asono håper og på merksemd i løpet av Elektrofil-messa, som varer frå 21. til 26. juni.

I fjor tok om lag 8.000 turen innom messa, i år håpar arrangørane at det kjem over 15.000. Her blir det presentert nyheiter innan elektroverda, og ein har moglegheit til å teste ulike artiklar.

- Det er ingen tvil om at alle gadget-freaks har litt av kvart å glede seg til, seier ein av arrangørane, Trond Bentestuen.

Av Anders Malm, NPK