Vi søkjer tilbake til ungdommen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ønskjer du ofte at du var yngre enn du er? Då er du heilt normal: Nesten alle nordmenn mellom 40 og 79 år har same ønsket.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- At vi lever i ei tid der aldring og eldre blir sett ned på, er nok ei medverkande forklaring til at dei fleste av oss føler og ønskjer oss yngre, men er neppe ei tilstrekkeleg forklaring. Internasjonale studium viser at vi føler at vi er yngre enn vår faktiske alder alt i 30-åra. Det er heller ikkje noko nytt å ønskje seg tilbake til ungdommen; dette kjenner vi frå litteratur og segn frå langt tilbake, held Svein Olav Daatland fram. Han er forskar ved Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring (NOVA).

Nordmenn flest føler seg generelt yngre enn dei er, og dei ønskjer seg enda yngre. I ei spørjeundersøking blant meir enn 4.000 nordmenn har NOVA-forskaren undersøkt forholdet mellom faktisk alder, kor gammal ein føler seg, og kor gammal ein ønskjer å vere.

Studien viser at deltakarane, som var mellom 40 og 79 år, gjennomsnittleg følte seg fem til ti år yngre enn dei faktisk var. Ønskjealderen var fem til 20 år lågare enn det igjen. 40-åringane skulle gjerne vere 10 år yngre enn dei er, medan 70-åringane helst skulle ha vore heile 29 år yngre. Nordmenn er ikkje så ulike aldrande menneske i andre land; analysane viser at det norske mønsteret i hovudtrekk er det same som ein finn internasjonalt.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


Kvinner meir fornøgd


Middelaldrande og eldre norske kvinner ser ut til å vere meir tilfreds med alderen sin enn jamgamle menn. Mennene ønskjer seg i snitt 20 år yngre, kvinner berre 15 år yngre. Daatland spør om dette er fordi menn føler seg stempla og avleggs tidlegare enn kvinner. Han peiker på at andre årsaker og kan spele inn, og trekkjer fram tre moglege forklaringar på kvifor den subjektive alderen er såpass mykje lågare enn den faktiske.

«Den kulturelle forklaringa ser det som ein reaksjon mot å bli stempla som gammal i eit aldringsfiendtleg samfunn, den biologiske peiker mot ein meir universell angst for døden og tida som ubønnhørleg tikkar mot døden, den psykologiske forklaringa ser det som ei form for lengsel tilbake til den fasen av livet då ein for alvor fann seg sjølv og identiteten sin. Er det denne tilstanden av uskuld ein søkjer seg tilbake til?» spør forskaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Gammal når ein er 80


Eit anna interessant funn frå undersøkinga er at oppfatninga om når ein kan bli rekna som «eldre», og når ein blir stempla som «gammal» har endra seg dei siste 30 åra. Rundt 1970 fall dei to nesten saman i ein: ved 70 år var ein «eldre», på 73-årsdagen var ein plutseleg blitt «gammal». I dag er det gjennomsnittlege svaret at ein dett i båsen «eldre» når ein er 65 år, medan «gammal» er ein først ved 80-årsalderen.

- Over tid har ein altså blitt «eldre» fra ein stadig tidlegare alder, kanskje som svar på at pensjonsalderen har gått ned, medan man blir «gammal» stadig seinare, truleg fordi helsa er blitt betre og levealderen lengre, meiner Daatland.

Om det blir meir moderne å vere eldre i framtida er vel heller usikkert. Ein ting som er heilt sikkert er likevel at talet på eldre kjem til å stige brutalt dei neste femti åra. I 2050 er talet på 67 åringar og eldre dobla til 1,4 millionar, mot dagens tal på om lag 600.000, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB). Samtidig er det færre yrkesaktive til å fø og pleie dei eldre.

- Eldrebølgja byr openbert på store utfordringar for Noreg, men stoda er langt verre i ei rekkje land i Sør- og Aust-Europa, seier forskar i Statistisk sentralbyrå Lars Østby i ein kommentar. (NPK)(NPK): Ønskjer du ofte at du var yngre enn du er? Då er du heilt normal: Nesten alle nordmenn mellom 40 og 79 år har same ønsket.

Av Anders Malm, NPK