Sol reduserer risikoen for prostatakreft

Artikkelen fortsetter under annonsen

Forskarar har funne at menn som er mykje i sola har lågare førekomst av prostatakreft enn menn som er lite eksponerte for sol.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er forskarar ved tre amerikanske forskingssentra som har samarbeidd om undersøkinga, og kome fram til at prostatakreft kan ha ein samanheng med produksjon av D-vitamin i kroppen.

For dei fleste trengst berre nokre minutt i sola for å få i gang produksjonen av D-vitamin, men blant dei som var mest i sola - over 20 timar i veka - var det berre halvparten så mange tilfelle av prostatakreft.

Men forskarane minner om at overdriven soling aukar risikoen for hudkreft, skriv Dagens Medisin. (NPK)