Sterk auke i talet på millionærar

Talet på dollarmillionærar vil vekse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Talet på privatpersonar med finansielle verdiar for meir enn 1 million dollar (om lag 6,5 millionar norske kroner) auka i 2004 til 8,3 millionar menneske i heile verda. Dette viser den årlege undersøkinga World Wealth Report.


Den samla formuen til desse 8,3 millionar dollarmillionærane er ikkje akkurat for småpengar å rekne. I tillegg auka verdiane sterkt i fjor, heile 8,8 prosent, til 30.100 milliardar dollar (194.620 milliardar norske kroner).


World Wealth Report blir i år publisert for niande året på rad og er eit samarbeid mellom konsulentselskapet Capgemini og investeringsbanken Merrill Lynch.

Rapporten fokuserer på kor mykje dei aller rikaste forvaltar, kor mange dei er, demografiske og geografiske trendar og investeringsåtferd. Capgemini og Merrill Lynch trur at talet på dollarmillionærar vil vekse med 6,5 prosent årleg fram til 2009. (NPK)

Personvernpolicy