På flukt

10 millionar menneske er på flukt

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sjølv om talet på flyktningar i verda er blitt mindre, er det framleis nær 10 millionar menneske i verda som lever utanfor grensene til sitt eige land, og som ikkje kan reise heim utan fare for å bli forfølgd. 100.000 av dei bur i Noreg.

Ifølgje FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) var det i 2004 omkring 17 millionar flyktningar, asylsøkjarar, returnerte flyktningar og statslause i verda. Av desse var i underkant av 10 millionar flyktningar.

Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at talet på flyktningar som søkjer opphald i Noreg har gått ned frå 17.500 i toppåret 2002 til i underkant av 8.000 i 2004.


Størst var nedgangen i talet på asylsøknader frå personar heimehøyrande i Serbia og Montenegro. Deretter har nedgangen vore størst av personar med bakgrunn frå Afghanistan, Russland og Somalia. Også i andre europeiske land går talet på asylsøkjarar ned.

I perioden 2000-2004 var Noreg likevel eit av dei landa som fekk flest asylsøkjarar i høve til folketalet. Berre Kypros og Austerrike fekk fleire. (NPK)



Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk