Beckham får nye diamanter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Beckham får diamantbarberhøvel på farsdagen!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

David liker visst glitter og stas! (Foto:www.Photos-Sport.com)David liker visst glitter og stas! (Foto:www.Photos-Sport.com)

Ein barberbladprodusent har fått ein berømt juvelér til å designe ei heilt spesiell farsdagsgåve til fotballikonet David Beckham: Ein diamantinnsett barberhøvel til ein verdi av 300.000 kroner.

Høvelen skal vere det mest ekstravagante produktet produsenten, som til vanleg lagar høvlar og barberskum, nokon gang har laga.

PR-folka håper nok å få tene nokre reklamekroner på å bli assosiert med fotballstjerna, så kanskje er ikkje 300.000 kroner så dyrt, alt i alt.

Kommunikasjonsdirektøren i konsernet har likevel ei anna forklaring.
- David Beckham er det ultimate moteikon og ein god far. Difor synest vi at han skal feire farsdag med ei barbering med den kulaste
barberhøvelen i verda, seier Michele Szynal i ei pressemelding. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk