Normalt sommarvêr. Eller?

Vi får heilt normalt sommarvêr. Vêrutsiktene for juli til september er verken dårlegare eller betre enn vanleg - sommaren blir beint fram heilt normal. Den kjem berre til å verke dårlegare.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Temperaturprognosane frå Meteorologisk Institutt for sommarmånadene tyder på at gjennomsnittstemperaturen vil liggje nær normaltemperaturen i heile landet. Og for mesteparten av landet faktisk 0-0,5 grader over normalen.

Slik likar vi sola; stor og raudglødande!Slik likar vi sola; stor og raudglødande!

Statsmeteorolog Håkon Mjelstad ved Meteorologisk Institutt trur likevel mange vil bli skuffa over sommarvêret.

- Mange har nok blitt litt bortskjemt med fine somrar dei siste åra. Vi har blitt godt vant, så ein normal sommar vil nok mange oppfatte som dårleg, seier Mjelstad til Nynorsk Pressekontor. Han meiner sommaren blir relativt stabil, utan store avvik verken mot den gode eller dårlege sida av vêrskalaen.

- Det vil overraske meg stort om denne sommaren skulle bli ekstrem på nokon som helst måte. Men vi ligg jo eit stykke bak skjemaet sånn temperaturmessig då, påpeikar statsmeteorologen.

Ifølgje prognosane får vi både varme og kaldare periodar, og om dei slår til vil dei kjølige og dei varme periodane jamne kvarandre ut, slik at gjennomsnittstemperaturen blir liggjande nær det normale.

Berre ein ynskjedraum og ikkje realitet?Berre ein ynskjedraum og ikkje realitet?

Hittil i sommar er det osloborgarane som har sveitta minst i forhold til normaltemperaturen. Relativt sett har dei hatt den dårlegaste sommaren i forhold til det som er vanleg. Medan innbyggjarane i Tromsø, som har den lågaste temperaturen av storbyane, eigentleg ligg nesten ein grad over det normale.

Tempraturmålingar


Temperaturmålingar for dei 15 første døgna i juni viser at sommaren ligg etter skjema fleire stader.
Middeltemperaturen i Oslo (Blindern) ligg på 12,1 grader C, medan normalen for dei første 15 dagane er 14,5 grader C.
Middeltemperaturen i Kristiansand (Oksøy fyr) ligg på ca. 12 grader C, medan normalen for dei første 15 dagane er 12,7 grader C.
Middeltemperaturen i Bergen (Florida) ligg på ca. 10,7 grader C, medan normalen for dei første 15 dagane er 12,9 grader C.
Middeltemperaturen i Trondheim (Værnes) ligg på ca. 10,6 grader C, medan normalen for dei første 15 dagane er 12 grader C.
Middeltemperaturen i Tromsø ligg på ca. 9,5 grader C, medan normalen for dei første 15 dagane er 8,6 grader C. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk

Personvernpolicy