Litt.klikk: «Knutar»

Hver uke stiller vi ulike forfattere faste spørsmål. Denne uken avslører Gunnhild Øyehaug drømmen om å ha Bill Murray og Uma Turman i filmatiseringen av sin novellesamling!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Navn:


Gunnhild Øyehaug

Alder:

30 år

Sivilstatus:

Sambuar

Hvor var du da du skrev boka?

- I Ørsta og i Bergen.

Hvem tenkte du på da du skrev boka?
-

Som utgangspunkt for personane i boka? Då må eg svare: mange ulike personar. Samt meg sjølv. I karikerte former. Samt svært mange personar som ikkje eksisterer, som eg dikter opp.

Hvilken type PC skrev du boka på?
-

Eg veit ikkje heilt kva slags type det er, det er ein kvit ein som har levd som PC i den vidaregåande skulen før den kom i mi eige. No er den derimot skifta ut med ein ny ein.

Hvordan valgte du bokas tittel?

- Eg snakka med far min om kva eg hadde tenkt rundt
«Knute»- prosjektet, og då sa han: «Kvifor ikkje berre kalle boka «Knutar»? og det syns eg var ein strålande idé: tittelen summerte i grunnen opp alt saman på ein uhyre enkel måte.


Hva er ditt yndlingsord?


- Eg har ikkje noko favorittord? Men eg likar godt ordet «firveld», og ordet «løk».


Hvilken bok har du aldri klart å fullføre?

- Å lese: Ei bok av Nadine Gordimer som eg ikkje hugsar tittelen på. Å skrive: den store fantastiske boka som på mange måtar kan minne om ei blanding av «To the lighthouse» og «Adaption» OG lysshowet til Sasja Haven på Ralph Myerz. Men eg lovar. Ho ER på veg.


Hvilken bok skulle du ønske du hadde skrevet?

- «To the lighthouse, av Virginia Woolf!»

Hvilken bok ville du tatt med deg dersom bokhylla brant?

- «The Pill Versus the Springhill Mine Disaster» og «Rommel Drives On Deep Into Egypt» av Richard Brautigan, -eg ville leite og leite mellom flammane til eg fann begge to, og så ville eg springe og hente sløkkingsapparatet.

Hvilken CD passer best som soundtrack til boka?

- Det finst ein song på Tom Waits «Frank's Wild Years» som ville passe bra, kanskje kunne ei blanding av CD'en «Closing Time» og Björks «Homogenic» vere eit ypparleg soundtrack.

Oppsummer boka i en setning.

- Ulike personar viklar seg inn og ut av kvarandre, og av ulike situasjonar, og skaper til saman ei makelaus kanonbok som ingen, nei, ingen, har lyst til å gå glipp av.

Hvilken skuespiller passer best til å spille hovedpersonen i boka?

- I og med at her er fleire tekstar og fleire hovudpersonar, ville det vere vanskeleg å finne ein person som kunne spele både lita jente, gammal mann, Mona Lisa, Maurice Blanchot, og bestemor. Kanskje Bill Murray kunne spele alle rollene? Det hadde eg likt!

Hvem skulle du ønske hadde din bok på nattbordet?

- Bill Murray. Han skulle bli så glad i den at han skulle ringe til ein agent, som skulle ringe til ein regissør og ein produsent, og så skulle det bli ein film der BM spelte alle rollene. Med moglegvis ein gjesteopptreden av Uma Thurman (med sverd).

Om boka:


«Knutar» er en samling korte noveller om mentale, seksuelle, familiære bånd, om kjærlighet, om innviklede, nødvendige og uunngåelige situasjoner.

Vi møter for eksempel en mann som er knyttet til sin mor gjennom en ubrytelig navlestreng, en ung kvinne som er hemmelig forelsket i sin dødssyke venn og en misfornøyd hjort.

Novellene balanserer mellom det sanselige og det surrealistiske, mellom psykologisk innsikt og komisk dybde.

Novellesamlingen ble utgitt i 2004 og Gunnhild Øyehaug ble nominert til Brageprisen 2004 for akkurat denne samlingen.


Forfatteren:


Gunnhild Øyehaug (f. 1975) debuterte i 1998 med diktsamlingen «Slaven av blåbæret», utgitt på Samlaget. Hun er medredaktør av litteraturtidsskriftet «Vagant», kritiker i «Morgenbladet» og bosatt i Bergen.

Kilde: Cappelen.no

Mer i Neste Klikk:

Litteratur
Litteraturanmeldelser
Litt.klikk
Forfatter-portrettet
Lydbøker

Personvernpolicy