Kommunane manglar 45 milliardar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei norske kommunane har dei siste 20 åra til saman mangla 45 milliardar kroner på å gå i balanse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I snitt har kommune-Noreg kvart år tent to milliardar kroner for lite til å gå i balanse, melder Kommunal Rapport, som har gjort ein analyse av netto driftsresultat og driftsinntekter mellom 1985 og 2004.

Reknar ein om til kroneverdien i dag, betyr det at kommunane i Noreg manglar 45 milliardar kroner på å gå i balanse. KS og Kommunaldepartementet er samde om at kommunane må ha eit netto driftsresultat på tre prosent for å vedlikehalde formuen sin. Men dei siste 20 åra har driftsresultatet vore i underkant av to prosent.

Føremålet med eit overskot på tre prosent, er mellom anna at kommunane skal finansiere delar av investeringane sine ved hjelp av eigne middel, ikkje berre med lån. KS meiner at kommunane manglar 5,7 milliardar kroner i årlege inntekter på å kome i balanse.

Kommunalminister Erna Solberg meiner KS blir styrt av AP og Sp, og at det er årsaka til at organisasjonen prøver å ramme Regjeringa.
- Det er valkamp, og KS blir styrt av Ap og Sp. Difor er det ikkje overraskande at dei freistar å ramme Regjeringa, seier Solberg til Kommunal Rapport.

Solberg meiner reknestykket som bladet har gjort stadfester Regjeringa si skildring av den økonomiske situasjonen i kommunesektoren. Samtidig skuldar ho KS for å bruke situasjonsbetinga argumentasjon.

- KS er eit rørleg mål. Når det viser seg at opplegget til Regjeringa gjev balanse i økonomien, kjem dei plutseleg med eit nytt krav, nemleg oppretting av etterslepet på vedlikehald, seier ho.

Økonomiprofessor Bjørn Rattsø ved NTNU påpeiker at det alltid er meir stas å byggje nytt framfor å vedlikehalde.
- Kommunane brukar det dei får, og vil alltid ha for lite pengar, seier Rattsø.

Rattsø er overraska over at KS har brukt vedlikehald som argument for meir pengar, fordi meir å rutte med ikkje vil gje vedlikehald større politisk status.

- Det politiske systemet er kortsiktig, og politikarane i haustar ikkje ære av vedlikehald. Det er mykje meir morosamt å byggje ny stadion og ny skole, seier økonomiprofessoren. (NPK)


Les meir om KS her

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk