TV påskundar puberteten

Artikkelen fortsetter under annonsen

Barn kjem raskare i puberteten av å sjå fjernsyn, om ein skal tru italiensk forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Teorien vår er at lys og stråling frå tv- og dataskjermar verkar forstyrrande på produksjonen av hormonet melatonin og påverkar når puberteten startar, seier professor Roberto Salti ved Meyer Pædiatrisk Hospital i Firenze.

I undersøkinga måtte 74 barn mellom 6 og 12 år ikkje vera i nærleiken av elektromagnetisk stråling frå fjernsyn eller andre skjermar i sju døgn.

På den tida steig nivået av søvnhormonet melatonin gjennomsnittleg med 30 prosent.

Gjennom andre undersøkingar har ein funne ut at dette hormonet regulerer når puberteten startar, skriv Jyllands-Posten. (NPK)

Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk