Røykjarar og overvektige blir raskare gamle

Artikkelen fortsetter under annonsen

Usunt levesett gjer at kroppen eldest fortare, viser ei ny undersøking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fødselsattesten kan ha same årstal, men kroppen på ei overvektig eller røykjande kvinne er eldst.

Det er forskarar frå USA og Storbritannia som har undersøkt ei rekkje kvinner og kome fram til at røyking og overvekt ser ut til å elde kroppen markant. Undersøkinga blir offentleggjort i det medisinske tidsskriftet The Lancet og omfattar 1.122 kvinner.

- Det var sjølvsagt store individuelle skilnader, men gjennomsnittleg kosta overvekta ein ekstra alder på 8,8 år, seier legen Toby Andrew ved St. Thomas Hospital i London. Han er ein av dei åtte forskarane bak undersøkinga.

Røykjarane var gjennomsnittleg 4,6 år eldre, men dei som hadde røykt ei pakke om dagen i 40 år hadde fått plussa åtte år på kroppsalderen ved det.

- Vi kan ikkje seia direkte at røyking og overvekt eldar kroppen, det ville krevja ei større mengde data. Men vi kan konstatere at røykjarar og overvektige gjennomsnittleg eldest raskare enn ikkje-røykjarar og normalvektige, seier Andrew. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk