Foreldre avgjer med utdanning
- Ingen enkle tiltak kan rette opp dette. Men systematisk og langsiktig arbeid for å auke kvaliteten i skulen vil på sikt føre til at det blir mindre ujamt, seier Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet.
Petter Skarheim, direktør i Utdanningsdirektoratet
Rapporten «Utdanningsspeilet 2004 - Analyse av grunnskole og vidaregående opplæring i Norge» påviser kor stor innverknad utdanninga til foreldra og familiesituasjon har på karakterane til barna.
- Foreldre som sjølv har høgare utdanning medverkar til at barna er motiverte for utdanning, meiner forskar Eifred Markussen i NIFU STEP.
Jentene betre enn gutane
Som gruppe har minoritetselevar eit noko lågare karaktergjennomsnitt enn majoritetselevane. Desse skilnadene kan kome av at mange innvandrarbarn veks opp i familiar med dårlegare økonomi, foreldre med lite utdanning og mindre tilgang på bøker og PC-ar enn gjennomsnittseleven.
Kjønn gjev og stort utslag, ettersom jentene framleis gjer det betre enn gutane i dei fleste fag. Tradisjonelle kjønnsroller bestemmer og kva for studieretning elevane vel på vidaregåande skule.
Dette er særleg tydeleg i yrkesfaga. Jentene vel studieretningar som leier dei inn i tradisjonelle kvinneyrke, og gutane vel retningar som fører til yrke dominert av menn. Og desse tendensane har blitt forsterka dei siste åra. Jentedelen i helse- og sosialfag nådde toppen med 90 prosent for tre år sidan.
Mykje av læringsresultata i skulen kjem av utgangspunktet til elevane. Men det er ikkje nødvendigvis dei skulane med høgast gjennomsnitt i karakterane som yter elevane den beste hjelpa til læring.
Noreg har ambisjonar om å tilby eit av verdas beste skulesystem.
Statistisk sentralbyrå (SSB) har fått jobben med å utarbeide andre indikatorar enn karakterar for å måle læringa til elevane, såkalla «skolebidragsindikatorar». Desse skal vise kor mykje den enkelte skule bidreg til læringa for elevane.
- «Skolebidragsindikatorene» er eit verktøy vi kan bruke for å måle skulane på eit meir likt grunnlag enn ved reine karaktersamanlikningar. Det gjer vi ved å ta omsyn til at skulane har ulikt elevgrunnlag, seier forskingsleiar i SSB, Torbjørn Hægeland.
Høgt utdanningsnivå
Samanlikna med andre land har Noreg eit høgt utdanningsnivå. I 2003 hadde 56 prosent av befolkninga gjennomførd vidaregåande utdanning, og 24 prosent hadde høgare utdanning frå høgskule eller universitet.
I ei OECD-måling står Noreg oppførd med eit gjennomsnittleg utdanningsnivå på nærmare 14 år. I heile OECD-området er gjennomsnittet 12 år.
Island har same utdanningsnivå som oss, medan nivået ligg mellom eitt og to år lågare i Danmark, Sverige og Finland. Utdanningsspeilet skal vere ein årleg rapport frå Utdanningsdirektoratet. Den skal gje eit bilete av grunnopplæringa i Noreg, ved å presentere sentral statistikk og forsking. (NPK)