Stadig dårlegare sædkvalitet

Artikkelen fortsetter under annonsen

Misdaningar i mannlege kjønnsorgan, testikkelkreft og dårlegare sædkvalitet over fleire tiår!

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan virke som om det har vore ein auke i misdanningar i mannlege kjønnsorgan, testikkelkreft og dårlegare sædkvalitet over fleire tiår.


Doktorgradsarbeidet til Elin Leirvoll Aschim tek opp dette temaet, som har fått stor merksemd dei siste 10-15 åra.

Sæd cellene sym ikkje like godt som før!Sæd cellene sym ikkje like godt som før!

Miljøet har fått mykje av skulda, og stoff med hormonliknande verknad har vore i søkjelyset. I doktoravhandlinga blir det sett søkjelys på moglege årsaker til denne feilutviklinga.


Eit interessant funn er at gutar fødd i Noreg under krigen hadde lågare risiko for å få testikkelkreft enn dei som vart fødd både før og etter. Mødrene vog mindre under krigen, og det kan ha hatt ein gunstig effekt på hormonnivåa under svangerskapet, noko som kan ha minka risikoen for at sønene utvikla testikkelkreft seinare.


Konklusjonen i avhandlinga er at det er fleire årsaker til auken i misdanningar i mannlege kjønnsorgan, både miljømessige og arvelege. (NPK)


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk