Ytringsfridomen framleis under press

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): - Det ville vere naivt å tru at det ikkje lenger finst krefter i det norske samfunnet som ønskjer å avgrense ytringsfridommen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Skodespelarane Petronella Barker og Bjørn Skagestad.Skodespelarane Petronella Barker og Bjørn Skagestad.

Det sa skodespelar Petronella Barker i talen sin
på Den store avisdagen, torsdag. Talen var ein leiarartikkel om ytringsfridom, der redaktørane i kvar einaste avis i landet har bidrege med ein setning kvar.


Leiaren markerte slutten på Avisstafetten 2005, kor ei bodstikke har gått frå redaksjon til redaksjon sidan starten 5. februar i år. Avisstafetten er dei norske avisene sitt bidrag til 100-årsmarkeringa av unionen med Sverige. Stafetten enda hos landets største avis, Verdens Gang.


- Denne dagen markerer verdien til ytringsfridommen i det norske samfunnet, sa ansvarleg redaktør i VG, Bernt Olufsen.


Unødvendig hemmeleghald

Øyvind Engan og ungane, Albert (t.v) og Jesper.Øyvind Engan og ungane, Albert (t.v) og Jesper.

Øyvind Engan tok med seg barna sine for å sjå på det 50 meter lange aviskartet som ligg utover Rådhusplassen i Oslo. Engan, som har tatt seg pappapermisjon frå journalistjobben i VG, meiner informasjonen her i landet langt frå flyt så fritt som den burde.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen


- Faktum er at norske styresmakter har ein tendens til å halde informasjon hemmeleg, som eigentleg burde ha vore offentleg, seier Engan. Han viser til erfaringar frå kveldsvakter i VG.


- Eg har opplevd å ringje politiet for å få til svar at «det vil vi ikkje seie noko om», endå det etter mitt syn er heilt unødvendig med hemmeleghald i den situasjonen.


- Det same gjeld flyplassen på Gardermoen, dersom det har vore ei nestenulykke. I andre saker kor politi og styresmakter i utlandet har vore involvert, har det vore mykje enklare å få informasjon om kva som har skjedd, fortel VG-journalisten.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Rocka inn avisdagen

Rapparen Ravi.Rapparen Ravi.

Avisdagen er eit samarbeid mellom Norsk Redaktørforening, Mediebedriftenes Landsforening (MBL) og Landslaget for lokalaviser (LLA).


Artistar som Sondre Lerche, Span, Maria Arredondo, Ravi og DJ Løv og Draumir, sette ein rocka spiss på avisdagen.

Artikkelen fortsetter under annonsen


- Vi vil synleggjere avisene si rolle i utviklinga av demokratiet og ytringsfridommen. Samtidig ønskjer vi å gje lesarane våre ei hyggeleg konsertoppleving i samband med Hundreårsmarkeringa, forklarar Geir K. Hus i LLA. (NPK)


Artikkelen er skreven av Anders Malm, Nynorsk pressekontor.


Fleire skuleklasser hadde samla seg foran scena. Mest for å høyre favorittartistane, litt mindre for å høyre avisenes skrytetalerFleire skuleklasser hadde samla seg foran scena. Mest for å høyre favorittartistane, litt mindre for å høyre avisenes skrytetaler




Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk