Meny

Marsj for verdas svoltne barn

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(NPK): På søndag vil minst 200.000 menneske over heile verda gå saman for å markere støtte til kampen mot svolt blant barn.

(NPK): På søndag vil minst 200.000 menneske over heile verda gå saman for å markere støtte til kampen mot svolt blant barn.

Marsjen er eit symbol på å ta steg i rett retning for å få bukt med svoltproblemet. Til saman vil folk over heile verda gå marsjar som svarar til fleire rundar rundt jorda.

Noreg er valt som eit pilotland for aksjonen «Fight Hunger, Walk the World» i regi av FNs World Food Programme.

Aksjonen skal setje fokus på verdas svoltproblem og få inn midlar til skulemat for titusenvis av barn i den tredje verda.

Fjorårets aksjon fekk inn midlar som gav 30.000 skulebarn mat i eitt skuleår. Målet i år er å kunne hjelpe minst 50.000 barn.

Svolt er den største helsetrusselen i verda. I fjor døydde fleire menneske av svalt enn av aids, malaria og tuberkulose til saman. I dag finst det meir enn 800 millionar kronisk svoltne menneske i verda - 300 millionar av desse er barn. (NPK)



Artikkelen er skreven av Anders Malm, Nynorsk pressekontor.


Fleire nynorsk-artiklar:

Nynorsk


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus